Mot Myrke Vetteren
NO

Mot Myrke Vetteren 歌詞

ジャンルFolk
時間4:01
原文言語NO
閲覧数353
Aa表示設定
文字サイズ 18

原文歌詞

NO
翻訳はまだありません。原文を表示しています。
Velkomen atter hit til våre grender, velkomen her, du sæle sumarkveld, med lauv og gras utyver alle strender og gule blomar i den grøne feld, med lette småsky, lagd i lange render som trådar i det høge himmeltjeld, og med den milde ljossken, som seg breider utyver fjell og fjord på alle leider. Den siste solblenk er i havet sokken, den fyrste kjem snart or den låge grop, ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken, og kveld og morgon renna heilt ihop. Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken og helsar morgonen med glederop. So riser soli til den lange svingen og set ein annan let på heile kringen. Kom, lat oss nøyta tidi, som ho skrider, og minnast, at ho skrider ofsa fort. Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider, eit stig mot myrke vetteren er gjort. Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider, er fallen av, og slikt eit fall er stort. Di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar, og nøyta sumar'n, fyrr eg honom saknar.

Glittertind の他の曲

Glittertind →

関連歌詞