Dei Daude Steig Av Grav
NO

Dei Daude Steig Av Grav lyrics

GenreMetal
Duration3:56
Original languageNO
Views455
AaReading settings
Text size 18

Original lyrics

NO
Translation not available yet. Showing the original lyrics.
Så grå var ingen vår vel før Som våren i år Det er som om sjølve ljoset blør Av hemmelege sår Sola skinner, men i vinterblåst Den kuldsker også den Ein likkvit flekk av sjelefrost Har merka land og menn Det isnar over skog og myr Grått ligg land og hav Det er som med kvar dag som gryr Dei daude steig av grav Ja, det er våren frå i fjor Som spøkar, går igjen Bleik, blodig og dødningsflor Ja, det er atter den Dei møter oss så bitter kjent Den vårens bleika drag Dei stirar på oss ufråvendt Kvar ny og bitter dag Det mørknar kveld, det grånar gry Så bleikt og utan smil Det er som kvar dag på ny Den niande april Ein vår som ingen sumar fekk Skal frelaus gå igjen Som gjenferd bakom ord og blikk Hjå alle norske menn Men denne bleike gjenferdsvår Står brennande i knopp Med arr ved arr, med sår ved sår Som dagleg spring opp Hald ut, hald ut, blir alder trøytt La bak kvart knoppet arr Vår framtid bruse sumarheit Frå hjartas offerkar Til dagen kjem, timen slår Er kvar dags doven kvil, Kvar dag du feig og motlaus går, Ein niande april

More from Vreid

Vreid →

Related lyrics