Fangegard
NO

Fangegard 歌词

流派Metal
时长3:56
原文语言NO
浏览量221
Aa阅读设置
文字大小 18

原文歌词

NO
暂时没有翻译,当前显示原文歌词。
Det kom som lynnedslag, gjekk som skred Den gangen det slo oss ned Det overmektige mange No går det langsamt - Atter vår Og Noreg er ein fangegard Kvar nordmann er ein fange Usynleg piggtråd tett i tett Spent ut i eit forgreina nett Om skritt, om ord, om tankar Ja, du kan sitta fast ein dag Om berre dine hjarteslag For openhjartig bankar Kvar nordmann er i fangeskap For den som har med ærestap Kjøpt friteikn frå tyrannen Er ikkje nordmann meir, Men sjølv Ein vaktar Eller vaktars trell Med trellens teikn i panna Men dei skal hugsast - Bli ein sum Som kviler i oss, tung og stum Og vel kan overmakta Få lært ein modig fot å gå, Men alder norske hjarter til å slå I denne fengselstakta

更多 Vreid

Vreid →

相关歌词